PERSPECTA

News from every angle

nrk

Drammen: Person med stikkskadar floge til sjukehus

Naudetatane rykte sundag morgon ut til ein adresse i Drammen etter melding om ei alvorleg valdshending. Ein person er skadd og er frakta med luftambulanse til Ullevål sjukehus for behandling, opplyser Sør-Øst politidistrikt. Politiet opplyser at dei framleis er i ein innleiande fase og undersøker kva som har skjedd.